Er du ofte sjuk i eit fast mønster?


Eller tar det lang tid før du blir kvitt infeksjonar? Kva med feber, sår hals, hoste, rennande nase og auge, hovudverk, frysningar, kroppsverk, og alltid trøyt? Eller til og med diaré og oppkast?

Dette er alle vanlege symptom på nedsatt immunforsvar.  Immunforsvaret er kroppen sitt system for å beskytte mot sjukdom. Me har lett for å ta immunforsvaret vårt som ein sjølvfølge, men det er viktig å ta vare på denne forsvarsmekanismen  - ikkje berre i spesielle periodar, men året rundt!




Eller kjenner du på ein tung kropp som ikkje fungerer heilt optimalt? Med litt ulike skavankar der det er vanskeleg å setje fingen på akkurat kva det er?


Eller kanskje du berre har bebov for ein time til litt avslapping? Litt tid for deg sjølv rett og slett. 


Då kan det hende at soneterapi er noko for deg.


Du er hjarteleg velkommen til ei behandling hjå meg!


Gleder meg til å høyre frå deg!




Øyreakupunktur

Øyreakupunktur er ei behandlingsform der vi set nåler i øyrebrusken i eit visst system for å påverke den menneskelege organisme. Øyreakupunktur representerer ei spesiell form for akupunktur og er ofte brukt som ei tilleggsbehandling til akupunktur eller soneterapi.



Øyrelysbehandling

Er ei ny behandling frå gamle tradisjonar. Behandlingsforma går ut på at ei kjegle vert ført behageleg inn i øyregongane. Behandlingen er effektiv og er ein av mange former for alternativ behandling.
For mykje øyrevoks
Pipande og susande lydar
Trykkproblem
Følelse av dott i øyra
Kløe og ubehag i øyregangen



Soneterapi

Fotsoneterapi er ei behandling som påverkar heile kroppen via reflekssoner på føtene.
Det er reflekssoner for kroppens indre organ, muskler, det hormonelle system, nerver og lymfer.


Del denne siden


Fotsoneterapi - Øyreakupunktur - Øyrelys

Sidan 1960-talet har soneterapi vore praktisert i Noreg og er i dag ei av dei vanlegaste former for komplementær/alternativ behandlingsform.

Soneterapi blir forklart med at føtene speilar heile kroppen. Ved hjelp av stimulering, trykk og massasje, på dei ulike sonene, kan ein påverka relevante kroppsdelar. Metoden kan lindre både ved kroniske og akutte plager, og også førebyggande.

Akkurat som at soneterapi blir forklart med at føtene spegle heile kroppen, kan det same seiast om øyre. Øyret kan sjå ut som eit barn i fosterstilling.

Og på same måte som ein ved å massere ulike soner under føtene påverkar relevante indre organ, baserer øyreakupunktur seg på reflekspunkt som korresponderer med dei ulike organa. Til dette kan ein bruke eingongsnåler, permanåler eller frø.

Soneterpi er ei mild behandlingsform som passar til alle i alle aldrar, også spedbarn. Soneterapi  kan hjelpe med å styrka bl.a. musklar, organ, lymfer, kretsløp, immunforsvar, fordøying og kan hjelpe med å redusere stress, uro, søvnproblem m.m.

Øyreakupunktur er ein fin metode i behandling saman med andre behandlingsformer. I behandlingane hos meg blir øyreakupunktur brukt saman med fotsoneterapi. Det betyr at du har nåler i øyrene samtidig med at du får fotsoneterapi.

I tillegg kan du få øyrelysbehandling og manuell lymfedrenasje hjå meg. Øyrelysbehandling er ei behandlingsform for unge og eldre, deriblant dei som brukar høyreapparat. Manuell lymfedrenasje vert ofte brukt overskudd av bæske i kroppen, infeksjonssjukdommar eller etter operasjonar. 

Viktig å redusera livsstilssjukdommar og bruken av antibiotika og smertestillande.


FOOT-LOCK

Kjenner du på smerter i ankel, kne eller hofte, fotproblem, vondt i ryggen/korsryggen, skulder- og nakkesmerter, generelle muskelsmerter eller kjeve- og bit problem? Årsaka kan i så fall skuldast beinlengdeforskjeller og skeive hofter.


Tannlege Kjell Bjørner såg at det var sammenheng mellom problemer i kjeveleddet og beinlengdeforskjell hjå pasientane sine. Beinlengdeforskjeller og skeive hofter er ofte pga låsning i fotrotsknoklane, og ved å fjerne låsningen vil ein ofte kunne fjerne plager som nemnt over.


Lock-foot behandling er ein enkel behandling som kan hjelp med dette. Behnadlinga går ut på ein grunnleggande og enkel måte å rette opp i kroppen. Ved å eliminera låsningane i føttene, rette opp i korsbein/halebein og avbalansera musklar og meridianbanar, kjem kroppen i balanse på ein enkel og smertefri måte.


DEI FEM ELEMENTA: TRE - ILD – JORD – METALL – VANN

5-elementsterorien er noko av det mest elementære innan kinesisk medisin.

TRE-elementet er aktivt om våren og representerer barndommen. Energien i dette elementet er som en løvetann som presse seg gjennom asfalten.

Med BALANSE i treelementet har du sunn vilje og er målretta. Er sikker på dine val, har sterk personlighet og uavhengig på ein positiv og avslappa måte. Du er ein leiartype og ofte involvert i konkurransesport og idrett.

Er du i ubalanse har du derimot liten sjølvtillit og tviler ofte på deg sjølv. Du er usikker på eigen identitet. Du kan også ha problem med grensesetjing og er sjenert, utålmodig, rastlaus, irritabel, utolerant og egoistisk, dominerande, sint, voldeleg, frustrert og lett deprimert.

ILD-elementet er aktivt om sommaren og representerer ungdomstida med kjærlighet, hengivelse og glede <3. Ilden er symbolet på optimisme, spontanitet, skaparglede og idealisme.

Ved BALANSE i ildelementet erfarer du kjærlighet til deg sjølv og evner også å gje den vidare til andre. Du har fred med seg sjølv og kan balansere skaparverk og spontanitet med visdom og grubling.

Dersom elementet blir svekka, kan det gjera til at du derimot blir alvorleg og melankolsk. At du lett mister interesse for livet og sosialisering med andre og kan ofte føler deg einsam og forlatt.  Du er rastlaus, hyperaktiv og overentusiastisk, kan snakka på samanhengande inn- og utpust og er sosialt overaktiv. Det er vanskeleg å tillate kjærlighet i frykt for å miste eller å blir avvist. Typen som brenner sitt lys i begge endar.

JORD-elementet er aktivt om seinsommaren og tidleg haust og elles i overgangane mellom alle årstidene og det representerer tidleg vaksenalder.  Jorden representerer det solide, det fruktbare. Det er ei tid for å så og ei tid for å hauste. Uttrykket å vera ”jorda” seier me når ein person er fornuftig, praktisk og trygg.

Har du BALANSE  i elementet har du eit roleg, logisk sinn som harmonisk kan omsette idear ut i handlingar og til praktiske formål. Du er stabil, jovial og sympatisk og med stort omsorgsgen for andre.

Dette er eit viktig element med omsyn til innlæring, studie og hukommelse.

METALL-elementet er aktivt seint om hausten. Det representerer moden alder, gjerne når barna flytter ut.  Elementet representerer den kontinuerlige og rytmiske bevegelsen i det å trekk inn energi, og sende det med blodet ut til alle celler der det trengs. Karbondioksid blir så sendt med blodet tilbake til lungene og skilt ut der. Me ”tar opp” og ”gir slipp”.

BALANSE i elementet gjer at du kjenner at du er moden i eit forhold. Du kan skapa band med andre utan å kjenne på frykt for å miste eller redsel for å bli avvist. Du har styrke og mot til å gje slepp og gå vidare når det er behov for det. Du er eit medmenneske for andre med sorg og plager.

Er det ubalanse vil det vera vanskeleg å gje slepp på eventuell sorg. Du vil ha stort behov for å vise andre at du har det vondt. Du sukker høgt og liker å snakka om problema og sorgen du har. Du kan også vera bitter og gje andre skulda for dine problem. Det kan vera vanskeleg å danna nye band pga tidlegare avvisningar og tap.

VANN-elementet er aktivt om vinteren og representerer alderdommen. I denne fasen blir vilje og indre styrke utvikla og gir ryggrad!

BALANSE i elementet gir at du har god vilje med omtanke både for andre og deg sjølv. Du blir ikkje motlaus av hindringar eller farar, men har ein sunn form for frykt. Det vil seie at du forstår å passa deg for farar og ikkje blir dumdristig.

Mangler du energi, har angst, gir fort opp og overlater kontrollen til andre kan det tyde på at du har ubalanse i elementet. Du kjenne på at det er mange oppoverbakkar og lite tid i flytsone. Du har lett for å skulde på andre, spesielt foreldre, når ting går skeis. Du kan virke overambisiøs og ofte ikkje ta særskilt omsyn til andre.

DEI FEM ELEMENTA vert også kalla dei fem bevegelsane eller fasane. Dette gjer kanskje ei betre forståing på at dei ikkje representere kvalitetar kvar for seg, men er eit stadium i alle prosesser i det som lever.



I tradisjonell kinesisk medisin defineres meridianene som kanalar som blir til eitt nettverk i heile kroppen. Vi tenker oss at blod og energi følgjer kvarandre. Det betyr at når det fins område i kroppen der energien av ein eller anna grunn ikkje flyt fritt, vil gjennomstrøyming av blodet også bli satt ned. Motsatt kan vi seie at når blodet flyter fritt, vil energien også flyte fritt.

Vi har 12 par meridinaer, eller energibanar, som flyter gjennom kroppen. Ein meridianbane går delvis inderst i kroppen og delvis nær overflata. Den bind saman organa, og den bind saman det indre med det ytre. Tilslutt er alle meridinaene bundet saman med kvarandre slik at dei danne eit kretsløp der dei kan opprettholde og pleie kvarandre. Dette kan vi sjå for oss som energien som renner som vatn i ei elv.

På same måte som vi finn ulike soner som reflekterer dei ulike organ og musklane, vil også meridianene spegle seg på føtene.