TERAPIHUSET, SOGNEFJORDVEGEN 50, LEIKANGER
Bur eller arbeider du i Leikanger, ønskjer eg deg velkomen til ALMeRso Soneterapi.
Velkommen til komplementær behandling!
FOTSONETERAPI
ØYREAKUPUNKTUR
ØYRELYS
MANUELL LYMFEDRENASJE
LOCK-FOOT
Eg er Anne Liv Mæland Røysum og tilbyr soneterapi, øyreakupunktur, øyrelys, manuell lymfedrenasje og behandling av lock-foot i Leikanger i Sogndal kommune.
Eg er også uavhengig sjølvstendig Forever forhandlar for Forever Living produkt og jobber med testbaserte helse og ernæring.
Utdanninga mi har eg frå Institutt for helhetsmedisin (IFH) avd. Bergen der eg var ferdig utdanna soneterapeut og øyreakupunktør i 2015.
I tillegg har eg tatt kurs ved Sirius Naturterapeutisk skole i manuell lymfedrenasje og behandling av lock-foot.
Eg er medlem i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon som er landets største fagorganisasjon for naturterapeutar. Gjennom fokus på pasientryggleik, kompetanseheving og helseinnovasjon, arbeider dei kontinuerleg for å gje deg som pasient og brukar eit trygt naturmedisinsk behandlingstilbud.
Det blir stilt strenge kvalitetskrav til meg for å bli registrert terapeut i NNH. Alle terapeuter NNH organiserer har fullført utdanning i eit eller fleire terapeutiske fag, i tillegg til grunnmedisinske fag, naturmedisinske grunnutdanning, samt VEKS-fag.
Som godkjent naturterapeut har eg ansvarsforsikring gjennom NNH.
Ei av NNH sine hovedoppgåver å styrka pasienttryggleiken for alle som bruker naturterapi og alternativ behandling. Førebyggande arbeid for fysisk og mental helse, samt mindre bruk av antibiotika og smertestillande medikamenter der det er mogleg, er viktige perspektiv i NNH sitt arbeid. Naturterapi og alternativ behandling er ingen erstatning for offentlege helsetenester, men er eit viktig supplement for å oppnå betre helse hjå befolkninga.
Tal frå NAV viser at psykisk plager auke mest og utgjer nå 40 % av all auke i sjukefråveret i Norge det siste året. Fotsoneterapi og øyreakupunktur er godt supplement for å forebygge plager knyttet til mildere psykiske lidelse for personer med emosjonelle plager. Ved å nytte komplementær behandling blir det enklere å håndtere utfordringer før dei eskalerer, og dermed lettere å opprettholde god mental helse. Ta vare på ditt velvære gjennom helhetlig behandling og ei behandling utan biverknader.
Kanskje det nå er din tur til å gjera som stadig fleire andre gjer, og prøve alternativ behandling? Eg er å treffe tysdag og torsdag mellom 09:00 og 19:00. Dersom desse dagane ikkje passar, eller du har spørsmål, er det berre å ringe eller sende SMS til 909 87 849.